Haugen

frå kr 130.000

Fusa utviklingsselskap har for sal 2 tomtar i Haugen byggefelt i Sævareid. Haugen byggefelt er eit veletablert byggefelt med omlag 15 einebustadar. Tomtane ligg fint til med mykje sol og med fin utsikt over Sævareid- og Bjørnefjorden. Størrelsen på tomtane er omlag eit mål.

Sævareid er i dag ei aktiv bygd og har vore igjennom ei stor omstilling etter at drifta ved Sævareid kartong- og papirfabrikk tok slutt i 1977. Sævareid fiskeanlegg er i dag den største arbeidsplassen i bygda.

Sævareid er eit eldorado for fritidsfiskarar, med fiske både i sjø og i det velkjente Sævareidvassdraget som inneheld bl.a. Skogseidvatnet.

Kontaktinformasjon

Hans Vindenes
tlf. 93220400
hsvindenes@gmail.com

Prisar

Tomt nr. 14
880 m2 – kr 130 000,-

Tomt nr. 15
1050 m2 – kr 195 000,-

Avstandar

600 m – Nærbutikk
600 m – Fiske (elveutløp Sævareidvassdraget)
9 km – Søre Fusa oppvekstsenter
18 km – Ungdomsskule
17 km – Vidaregåande skule
17 km – Kommunesenteret Eikelandsosen

Kart