Solvang

frå kr 145.000

Tomtene ligg langs Heihillervegen på Solvang i Hålandsdalen. Eit idyllisk og roleg bustadområde med flott utsikt. Det er 1900 m til skule og barnehage. Skuleruta stopper ved tomtene. Rett utanfor døra finn ein Vengsvatnet. Feltet er eit godt utgangspunkt for det ypparleg turområdet og ski løypene på Bygdastølen.

Dette er ein flott plass å etablera seg for dei som vil ha godt med plass rundt seg og komma tett på naturen. Det vert lagt opp reinseanlegg, vatn, straum og fiber til tomtene. Det vert opparbeida avkjørsler frå kommunal veg. Området er regulert for 3. stk einebustadar (spreit boligbygging med 35% utnytting). Vegen frå Holdhus er under utbetring og er ferdig med nytt asfaltdekke i juli 2020.

Næraste daglegvarebutikkar er i Eikelandsosen som er næraste sentrum med legesenter, apotek, butikkar, vinmonopol, ungdoms og vidaregåande skule, idrettshall osv.

Prisar på råtomt frå kr 285.000-155000, omkostninger på frådeling kjem i tillegg.

Kontaktinformasjon

Jørgen Fagerthun
tlf. 40043350
jorgen.fagerthun@gmail.com

Prisar

Tomt 1
Einebustad
1766 m2 – kr 285 000,-
(Moglegheit for å auke til 2488 m2 mot tillegg i prisen.)
30 m strandlinje mot Vengsvatnet

Tomt 2
Einebustad
1300 m2 – kr 145 000,-
(Moglegheit for å auke til 2488 m2 mot tillegg i prisen.)

Tomt 3
Einebustad
1300 m2 – kr 145 000,-
(Moglegheit for å auke til 2488 m2 mot tillegg i prisen.)

Avstandar

50 m – Vengsvatnet
700 m – Gjønavatnet
1,9 km – Barnehage
1,9 km – Skule
7,5 km – Butikk
7,5 km – Kommunesenteret Eikelandsosen
7,5 km – Vidaregåande skule
7,5 km – Ungdomsskule
7,5 km – Fjorden arnea, fleribrukshall
1,0 km – Bygdastølen ski og friluftssenter
1,9 km – Lysløypene og skiskytterstadion på Holdhus

Kart